Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

– Dei blæs opp inntektene våre med 20 prosent, slik at vi skal tru vi tener det same som sjukepleiarar. Dette er luftpengar og ein falsk illusjon, seier Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Peder Skjelten / NPK
– Dei blæs opp inntektene våre med 20 prosent, slik at vi skal tru vi tener det same som sjukepleiarar. Dette er luftpengar og ein falsk illusjon, seier Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Krass kritikk mot Bondelaget: – Politikarane lyttar til dei som krev minst

Publisert Sist oppdatert
– Bondelaget bygger makta si på det politikarane likar å høyre. Politikarane lyttar til det faglaget som krev minst og som i størst grad vil ofre eigne bønder si inntekt for at politikarane skal tru at dei når måla sine, seier leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg, til Nynorsk pressekontor.

Han siktar til Norges Bondelag sin positive reaksjon, etter at Arbeidarpartiet måndag sikra fleirtal for eit nytt talgrunnlag for å berekne inntekta til bøndene. Arbeidarpartiet har fått med seg Senterpartiet, KrF, Venstre og Pasientfokus på det nye talgrunnlaget, der det står at eit årsverk i landbruket skal trappast ned til 1700 timar i løpet av tre år. Det er ein reduksjon på 50 timar frå framlegget som kom i vår.

Der Norges Bondelag meiner det nye grunnlaget gir ei etterlengta og viktig avklaring for norske bønder, er Solberg særleg skuffa over at det framleis ligg inne ein normeringsfaktor på 20 prosent i grunnlaget:

– I valkampen var Senterpartiet og Vedum tydelege på at dei anerkjente krava våre og tala vi la til grunn. No ser vi resultatet, seier Solberg.

– Normeringa betyr at dei blæs opp inntektene våre med 20 prosent, slik at vi skal tru vi tener det same som sjukepleiarar. Dette er luftpengar og ein falsk illusjon. For sjølv om inntektsgapet vil bli noko redusert fram mot 2027, vil det auke att til opp mot 400.000 kroner i 2050. Det er det stikk motsette av det norsk jordbruk treng.

Viktig milepæl

Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag, meiner på si side at det ofte er lettare å peike på eit problem enn å ta ansvar for ei løysing:

– Vi er letta over at eit fleirtal av stortingspartia har vorte samde om prinsippa for korleis inntekta til bonden skal bereknast. Landbruket er ei langsiktig næring, og vi er heilt avhengige av vedtak som står seg over tid. Dette fleirtalet legg grunnlaget for nettopp det, seier Gimming i ei fersk pressemelding frå laget.

Der rosar også Gimming dei som har fått på plass løysinga:

– No skal inntektene i landbruket opp på same nivå som andre yrkesgrupper. Økonomien i næringa har vore svak over tid, og dette vedtaket markerer ein milepæl i arbeidet for å styrkje inntekta til bonden.

Fyr i fjøset

Tor Jacob Solberg kunne ikkje vore meir usamd. Han legg difor ikkje skjul på at han også er svært skuffa over haldninga til Bondelaget, og er tydeleg på at laga står milevis frå kvarandre.

– Under jordbruksoppgjeret i 2023 sa til dømes Bjørn Gimming på Dagsnytt 18 at oppgjeret gav meir pengar på kontoen til bonden enn det faktisk gjorde. I ettertid viste det seg jo at dette var pengar som aldri kom på bondens konto. Også då var det luftpengar.

Til NPK avviser Bondelaget skuldingane frå Solberg:

– Det som er sentralt for Bondelaget er å få til politiske endringar som kan stå seg over tid. Eg jobbar for å finne gode løysingar for bonden, og er verken ute etter å snakke politikarane etter munnen eller å eggje til strid med Tor Jacob Solberg, seier Bjørn Gimming.

Han meiner også Solberg sin påstand om jordbruksoppgjeret i 2023 er teken ut av samanheng:

– Solberg gjentek påstandane om jordbruksoppgjeret i 2023, som ikkje var rette då, ei heller i dag. Det var forresten eit jordbruksoppgjer som Småbrukarlaget valde å stille seg utanfor, og ikkje bruke forhandlingsretten til å skape inntektsmoglegheiter for bonden i, seier Gimming til NPK.

(NPK)

Powered by Labrador CMS