I tillegg til Stig Hatteland frå Hatteland Technology deltok fire lokale og nytenkande verksemder på temadagen. Desse var Jon Sigve Olsen frå Det gule hus i Haugesund og Aleksander Stople frå Norsk Maskinformidling, som begge driv med gjenbruk som miljøtiltak. Ingeborg Johansen frå Etne fortalde om korleis ho starta opp forretningsidéen DeBoss, som går ut på å trene kråker til å samle søppel, og Inga Klokkerstuen frå Omega 365 Design hadde konkrete råd om korleis ein kan redusere sitt personlege forbruk ved å gå frå Temu til Tise.
Kjernekraft
Stig Hatteland snakka om korleis Hatteland Technology støttar kjernekraft og kvifor dette er ei berekraftig energiform. Då han blei spurt om kvifor akkurat kjernekraft svarte han:
— Kjernekraft skil seg ut som den beste langsiktige løysninga på utfordringane som står framfor oss. Kjernekraftverk er dyre å bygge, men når det er nedbetalt er dei veldig lønnsame investeringar over lang tid. Kjernekraft er også den mest stabile av dei klimavennlege energikjeldene, den er ikkje vêravhengig slik som sol, vind og vatn.
Då me spurte Stig Hatteland om kva han meiner Hatteland gjer for miljøet, svarte han:
— Eg trur det viktigaste me gjer er å påverke selskapa me har til å jobbe på ein betre måte. Men tenker me på kva som har mest effekt, så er det jo det eg snakka om i dag. Viss dette blir realisert, så er det jo det som kjem til å ha størst innverknad på miljø og klima i framtida.
Då han fekk spørsmålet om kva unge kan gjere for å bidra til eit meir berekraftig samfunn, svarar han:
— Engasjere seg og tileigne seg kunnskap, og bruke den kunnskapen til å ta gode avgjerder, men også å stille gode spørsmål til dei som tar avgjerdene er ganske viktig.
Traktor-berekraft
Ein annan interessant foredragshaldar var Aleksander Stople som eig og driv firmaet Norsk Maskinformidling saman med Kristoffer Bjelland og Kjetil Stople. Dei vann Haugesund Sparebank sin berekraftpris i 2023. Firma starta i 2017 og arbeider mot eit meir berekraftig samfunn ved å gjenbruke maskinar som traktorar og gravemaskiner. Dette starta når nye krav gjorde at mange entreprenørar måtte begynne å bytte ut gamle, men velfungerande maskiner med nye og betre» maskiner. Alexander Stople seier dette er noko dei gjer fordi ser at det er eit behov for at nokon bidrar både når det gjeld maskinane og miljøet.
— På eit eller anna tidpunkt vil ting fase heilt ut, men når det kjem til traktorar er det litt annleis. Traktorar, spesielt eldre traktorar, er bygd veldig enkelt, så dei klarar seg veldig bra, svarar Aleksander Stople når han får spørsmål om det kan vere utfordringar når det gjeld gjenbruk av maskinar.
Når han får spørsmålet om kva unge kan gjere for å bidra svarar han:
— Ha mindre forbruk. Kjøpa skikkelege ting, og ta vare på dei tinga me har. Og så vere kjekke og greie med kvarandre, sa han.
Stople seier at han har tru på berekraft dei neste ti åra.
— Det kan vere vanskeleg å få ei heil verd med seg, men når ballen først begynner å rulle så vil det bli lettare, trur Stople.
Elevar om berekraft
Etter foredraga intervjua me tre elevar om kva dei gjer for klima.
— Eg gjer sånne ting som alle kan gjere. Eg dusjar mindre, kjøper mindre klede, kjøper brukt og lar ikkje vatnet stå på for lenge, fortel Fride Stenberg (16).
Liepa Mazrimaite (16) fortel at han skrur av lyset når han går ut av eit rom.
— Og så kjøper eg brukt og bruker kollektivtransport.
— Kva synest de om foredraga?
— Me har lært mykje om berekraft før, så dette var ei påminning om at det framleis er eit problem, seier Fride.
— Eg synest alle foredraga var informative og kom med mykje godt, seier Lukas Yhoer (17).
— Eg synest spesielt Hatteland sitt foredrag om kjernekrafta var veldig spanande. Eg visste litt om kjernekraft, men det andre var nytt for meg, fortel han.
— Kor viktig synest de berekraftspørsmålet er for dei kommande ti åra?
— Det er jo viktig, for viss me ikkje endrar noko, så øydelegg me for dei neste generasjonane, seier Liepa.
Fride meiner det er viktig at alle gjer det dei kan.
— Då kan ein om ti år leve same liv som me gjer i dag, meiner ho.