Kraftig kollisjon i Ølen
Det var ein kraftig smell då ein personbil og ein traktor kolliderte nærast front mot […]
Det var ein kraftig smell då ein personbil og ein traktor kolliderte nærast front mot front like inn i 60-kilomtersona vest for Ølen stentrum. Operasjonsleiar Bjørn Alvseike ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser til Grannar at bilen som kom mot aust, har kutta svingen noko og var over i motsett køyrefelt der den møtte traktoren.
– Der trefte den delvis traktorskuffa og rispa opp bilen så kraftig at den truleg blir kondemnert, seier operasjonsleiaren.
Sjåføren i personbilen, ein mann frå distriktet i 40-årsalderen, er skadd. Han blei frakta i ambulansebil eit stykke, og vil bli tatt med vidare til sjukehus av luftambulanse.
Traktorsjåføren kom frå kollisjonen utan skade.
Ulykka skjedde like vest for Lien Rosemåleverksted i Ølen. Trafikken var stor og det danna seg lange køar som etter kvart løyste seg opp etter kvart som trafiken kunne dirigerast forbi ulykkesstaden.