Talet på straumbyte har falle kraftig dei siste åra, sjølv om det framleis er prisforskjellar mellom straumavtalane.
Foto: Bytt.no
Kraftig fall i byte av straumleverandør
Straumbyta i Noreg har falle med over 55 prosent sidan rekordåret 2021, viser ein fersk analyse frå forbrukarportalen Bytt.no.
Likevel meiner Bytt.no
at samstundes som dei fleste hushald no har spotprisavtale, er likevel prisskilnadene store. Og at mange betalar langt meir enn dei treng.
Tal frå Elhub viser ein markant nedgang i straumbyta blant norske hushald. Medan det i 2021 vart registrert 798.270 byte, det høgste talet nokon gong, så vart det i 2024 registrert 356.348 byte.