Noreg har vorte eit populært ferieland, både blant nordmenn og utlendingar. Foto: Solveig Vikene / NTB / NPK
Noreg har vorte eit populært ferieland, både blant nordmenn og utlendingar.

Kraftig auke i utanlandsmedlemmer for DNT: – Vel bort hetebølgjer i Europa

Hetebølgje i Europa fører til at både nordmenn og utlendingar tenkjer nytt om sommarferien. Hos DNT aukar tala på utanlandsmedlemmer kraftig.

Publisert Sist oppdatert

Den Norske Turistforeininga (DNT) har i sommar sett enn auke i utanlandsmedlemmer på 19,5 prosent samanlikna med i fjor. Det viser medlemstala deira per 1. juli.

– Me ser at mange av gjestene våre vel bort hetebølgjer i Europa, medan andre ønskjer ei enklare ferieform, med friluftsliv og hytteferie, seier Tor Kåpvik, konstituert generalsekretær i DNT, til NTB.

Totalt har DNT 319.000 medlemmer, meir enn på same tid i fjor. 12.672 av desse bur i utlandet.

– Eit fantastisk ferieland

Dei største medlemsmassane utanom Noreg kjem frå Danmark og Tyskland. DNT ser også ein sterk auke av svenske og finske medlemmer, men også frå andre land, som Polen.

Interessa for Norgesferie blir godt merka i den norske reiselivsnæringa.

– I fjor var ein veldig god sommar for norsk reiseliv, og det ser ut som sommaren i år kan bli endå betre. Både nordmenn og utlendingar har oppdaga at Noreg er eit fantastisk ferieland, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Rekordhøge bookingtal

I fjor sommar registrerte mange reiselivsbedrifter rekordhøge bookingtal frå utanlandske gjester, og sommaren 2025 ser førebels ut til å følgja i same spor.

72 prosent av medlemsbedriftene i NHO Reiseliv har meldt om same, eller betre, bookingtal for sommaren 2025, samanlikna med i fjor.

– Kvaliteten i norsk reiseliv har auka kraftig, og me blir oppfatta som eit trygt land å reisa til. Noreg har eit meir behageleg klima om sommaren enn mange andre land, og kan derfor vera eit meir freistande feriemål enn sørlegare strøk med ekstremvarme og tørka, seier Krohn Devold og legg til:

– Me ser stadig døme på søreuropearar som rømmer ekstremvarme og synest 10 grader og yr er toppen av lykke.

(NPK)

Powered by Labrador CMS