Inngår avtale. Avdelingsleiar i Omega, Arvid Grønvoll (t.v.) og innkjøpssjef Jan Vormeland i Follobanen.
Foto: Omega AS
Kontrakt med Jernbaneverket
System og personell frå Omega AS i sving på landets største samferdselsprosjekt.
Konsulentar frå Ølensvåg-konsernet Omega AS skal bistå Jernbaneverket i utbygginga av Follobanen. Avtalen blei signert tidlegare i månaden
— Dette er ein eksklusiv avtale for Omega, og me skal levera personell innan Project Completion Management, eller ferdigstilling, i løpet av heile prosjektperioden fram til 2021, uttaler avdelingsleiar i Omega, Arvid Grønvoll.
Follobanen er det største samferdselsprosjekt i landet, og omfattar totalt 65 km nye jernbanespor. Banen vil når den er ferdig, også ha Nordens lengste jernbanetunnel på 22 km.