Kongeørna er freda og kan vera utfordrande for lamma på vårbeite.
Foto: Wikimedia commons
Kongeørn tok katt
NPK: Fugleeksperten Alv Ottar Folkestad seier at kattar i vinterlandskap er ein idealsituasjon for ein jeger som kongeørna.
Avisa Nationen fortalde sist veke historia om ekteparet Anne-Lise Olsen og Bjørn Pedersen som på veg heim frå hytta ved Evenes i Nordland vart vitne til ei ørn midt på vegen, som hadde sett klørne i ein katt.
Folkestad er kongeørnekspert i Norsk Ornitologisk Forening. Han tok sjølv kontakt med avisa etter å ha sett videoen, for å oppklare kva type ørn det var.
— Det var ei fullvakse kongeørn, minst seks år gammal. Det er ein såkalla hekkefugl, som har valt ut området sitt, og som forvarar territoriet heile året, seier han til Nationen.
Ifølgje Folkestad, som har studert ørn i 40 år, er det ikkje uvanleg at ørna ser på kattar som eit godt måltid. Fargane til kattane røper seg lett i sjøen, og i djupsnøen er dei ikkje like raske. Det gjer at katten har mindre sjanse til å kome unna.
— Det er idealsituasjonen for ein jeger som kongeørna. Ørna er ikkje verre enn oss, og ho seier ikkje nei takk til eit billeg måltid, seier han.
Ein reveskrott på 3,2 kilo er det største Folkestad har dokumentert at kongeørna har fått med seg i lufta.