– Noreg deltar i 300 arbeidsgrupper i EU, men kommunane sine perspektiv er ikkje representert i desse, seier Åse Erdal, fagsjef for EU og EØS i KS.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Kommune-Noreg er nøkkelaktørar for EU
Nær 80 prosent av alt EU-arbeid i Noreg skjer i kommunane, anslår Ole Andreas Danielsen.
– Norske kommunar har vorte ein langt meir integrert del av EU enn ein kanskje skulle trudd, sidan EU først og fremst er eit samarbeid mellom statar, seier han til Forskning.no.
Danielsen er forskar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR på OsloMet og er prosjektleiar for eit stort forskingsprosjekt om tilknytinga kommunane har til EU (MIMAS).