Kom i skikkeleg julestemning
— Her får me julestemning. Me pleier alltid å gå her og det er så mykje fint som freistar, seier Ingvild Opheim Lærdal frå Sandeid og fyller handlekorga med glitrande julepynt i raude fargenyansar.
— Eg har funne litt julekuler og litt pynt. Det er kjekt at det raude kjem tilbake, seier ho.
Den handlelystne sandeidbuen er ikkje den einaste som har funne vegen til hagesenteret i Ølen denne kvelden. På parkeringsplassen står bilane tett som sild i tønne og inne i butikken kryr det av store og små kundar som har tatt turen for å sjå kva Bent Ove Ebne og staben hans har å by på denne jula.