Konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik (t.v) og styreleiar Karl Erik Kjelstad melder at 2025 var eit godt år for Eviny-konsernet.
Helge Skodvin
Knappe fire millionar i utbyte
Etne Elektrisitetslag AS eig 0,35 prosent av energikonsernet i Bergen tidlegare kjent som BKK (som no er namnet på nettselskapet i konsernet).
Av ein så stor sum som 1,1 milliardar kroner, utgjer sjølv ein prosentmessig liten post betydeleg utbyte. Heilt nøyaktig er det 3.861.990 kroner som hamnar i Etne. Til samanlikning er Bergen kommune største kommunale eigar med 37,8 prosent som gir i overkant av 416 millionar kroner. Statkraft er største eigar.
Eviny gir for 2025 eit utbyte som er 57 millionar høgare enn i 2024. Rett nok skal saka opp i generalforsamlinga 21. mai.