Malin Kaldheim er pådrivar for at Vindafjord skal starte med eit omsorg-tilbod. Her skal frivillige gå på besøk til folk som ønskjer seg ein besøksvenn til ein prat eller å finne på aktivitetar.
FOTO: Svein-Erik Larsen
Klart for besøksvenn-kurs
Vindafjord Røde Kors har fått Heidi Skurve frå Kverneland Røde Kors til å vere kursleiar for si nye omsorgs-satsing. Kurset blir haldt i Røde Kors huset i Vikedal laurdag 25. februar. Per fredag er det tolv påmeldte.
— Me har plass til fleire, seier initiativtakar Malin Kaldheim.