Ti foreldre som har bidrege til folketalet i Etne i 2022. Frå venstre: Greta Kallevik Nesheim med Einar, Lovise Amanda Lærdal med Daniel, Camilla Børve med Markus, Astrid Sofie Øverland med Mathilda Sofie, Sandra Svendsen Håland med Kasper, Inga Klokkerstuen Wangensteen med Lars, Soma Hansen med Mir, Linn Larsen med Mia, June Marie Sørvåg og Espen Heggelund med tvillingane sine, Ingrid og Frida.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Klar oppsving i fødslar
Fredag var første barseltreff for ti av Etne sine nye verdsborgarar i 2022, og desse små hjarteknusarane er alle fødde i oktober eller november. For nokre av mødrene er dette første barn, og for andre er det barn nummer to eller tre.
Til saman blei det fødd 59 barn i Etne i fjor, og det er godt over gjennomsnittet. Etter to år med barnefødslar langt under gjennomsnittet var det godt å få ein oppsving no, meiner helsesøster Elin Grindheim Hovda.
— Eg synest det var veldig kjekt etter to år med låge fødselstal, og når slikt skjer, kjem gjerne spørsmåla ganske snart om me treng alle ressursane me har i helsestasjonen sidan fødselstala går ned. Me seier ofte at pluss/minus 50 barn er normalen, så me må tenka at dette høyrer til over normalen, seier ho.