Leiar Joacim Haraldseid Strand i Skjold Bygdalag ser fram til møtet om områdeplan.
ARKIV/ SVEIN-ERIK LARSEN
Klar for viktig møte om bygda si framtid
Ein stor områdeplan for Skjold er for tida på høyring. Tysdag inviterer Vindafjord kommune til eit ope informasjonsmøte om planprogram, planprosess og planarbeidet. Leiar Joacim Haraldseid Strand i Skjold Bygdalag meiner det er svært viktig at folk engasjerer seg.
— Alle som bur i Skjold og har ei meining om korleis me skal ha det her, bør få med seg dette møtet. Eg oppmodar alle til å komme, seier leiar Joacim Haraldseid Strand i Skjold Bygdalag.
Møtet er på Skjold Arena. vil det bli orientert meir om medverknadsopplegget og korleis kvar enkelt kan gje si stemme. Haraldseid Strand håpar at dei får ein god dialog med kommunen, og han håpar og trur at mange nyttar høvet til å møte opp og komme med innspel.
— Mange eg har snakka med, har gode tankar om korleis me vil ha det i Skjold, seier grendalagsleiaren.