Klar for fire år med orgelbrus
Erlend Løvgren Auestad frå Etne er éin av åtte studentar som har fått plass på bachelor studium i kyrkjemusikk ved NTNU i Trondheim til hausten. — Målet er å nå eit så høgt nivå som mogeleg, seier 21-åringen.
Den unge etnebuen er ein av åtte studentar som har fått på plass på eit 4-årig bachelor studium i kyrkjemusikk ved NTNU i Trondheim.
— Det ser eg fram til. Målet er å kunne leve av musikken, seier Erlend Løvgren Auestad.
21-åringen har vakse opp i ein musikalsk familie på Kaldheim, eit steinkast frå Litledalsvatnet. Farfaren Ingebret Paulsen og faren Ivar Auestad, som begge har gått bort, var ivrige musikarar.