Ber om redusert fartssone. F.v. Kristine Espevoll, Svein Espevoll, Ola Espevoll og Paul Ove Espevoll kjempar for redusert fart på vegen der mor deira mista livet i ei trafikkulykke før jul.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kjempar for lågare fartsgrense
Den 11. desember skulle 82 år gamle Magnhild Thordis Espevoll ein rask tur over til tunet for å sjå etter sauene, og som vanleg måtte ho kryssa Movegen for å koma over til dyra. Men denne føremiddagen gjekk ikkje spaserturen som vanleg. Ein bil som kom køyrande i retning Vikedal sentrum, råka 82-åringen. Ho døydde av skadane.
Det var ingen vitne til ulykka og det er ikkje fastslått kva som var årsak til den fatale hendinga. Fylkesvegen går like ved garden og deler bustadhus og driftsbygningar, og like før husa er det ein liten bakketopp som hindrar fri sikt ned mot tunet. Trass i smal veg og redusert fri sikt er fartsgrensa 80 km/t. Nå krev dei etterlatne at noko må gjerast for å betra trafikktryggleiken på staden, og vil kjempa for å få redusert fartsgrensa langs den trafikkfarlege vegen.
— Eg har fått ei livsoppgåve. Farten skal ned, seier dotter av avlidne, Kristine Espevoll, som saman med resten av søskenflokken nå tar opp kampen for tryggare veg.