Heidi Berakvam jobbar som journalist i Grannar. I denne veka er det ho som står bak petiten.
Foto: Anita Haugland
Kjekt å ha
Nyleg har eg flytta heim til Grannar-distriktet etter 8 lange år i Bergen. Mykje av tida der brukte eg på å studera litteratur og eg kan innrømma at eg er over gjennomsnittet glad i bøker. Eg opplever at mange trur dei kan gå til meg for å få gode lesetips, men la meg berre presisera ein gong for alle at å studera litteratur ikkje tyder at ein les mykje. Det tyder berre at eg kan litt meir om eldgamle mursteinar som Den guddommelege komedie» av Dante og Soga om laksdølane», eller kva enkelte teoretikarar meiner litteratur eigentleg er. Forresten treng ein ikkje spørja meg ut om verken Dante eller definisjonar på litteratur, eg har stort sett gløymt det meste. Som student er det vanskeleg å få lese noko anna enn det som er på pensum, så eg har dessverre ikkje rekt å oppdatera meg på den nyaste krim-romanen til Nesbø eller kva BookTok» er og kvifor bokhandlarane vil at eg skal lesa bøkene deira.
Eg har likevel klart å samla ei imponerande mengde bøker eg ikkje har lese. Men då eg i vår såg programmet Rydderevolusjonen» på TV2 innsåg eg, som så mange andre, at eg kanskje har vanskar med å kasta ting. Gjennom åra i Bergen har eg budd i 4-5 leilegheiter og nesten kvar gong har eg oppgradert for å få større plass til alt eg eig. På ein eller annan måte har eg tatt med meg øskje på øskje med tunge bøker gjennom gatene, men når eg først skal ta heile flyttelasset med heim greip eg moglegheita til å bli kvitt så mykje som mogleg. Lettare sagt enn gjort. Plutseleg nærma flyttedagen seg med stormskritt, så i staden for å lesa til eksamen gjekk eg panisk gjennom bøkene mine for å finna ut kva eg kunne selja. Eg ville jo ikkje hiva dei gode bøkene eg kanskje får lese ein dag, men dei sletne bøkene eg har funne på loppemarknad og i biblioteket sine gratis bok-kioskar kunne eg prøva å få ein slant for. Etter nokre dagar utan napp på Finn innsåg eg at ingen er interessert i støvete bøker som ingen har høyrt om og det enda med at eg la dei att i fleire av bok-kioskane rundt om kring i byen. Det er tungt å ta avskjed med alle desse bøkene, men eg trøystar meg med at eg kan låna dei på biblioteket viss eg ein gong hugsar namnet på dei.