Ingeborg Sørheim er klar med nok ein runde Sommarles. Premiane har ho også fått inn.
Foto: Haldis Evensen Espeland
Kjekk og nyttig lesekampanje
— Sommarles er ein kjempekjekk sommaraktivitet som motiverer ungane til å lese, fortel Ingeborg Sørheim, barne- og ungdomsbibliotekar i Etne kommune.
Den nasjonale lesekampanjen er ein stor suksess i Etne og kommunen har tidlegare vore i landstoppen i oppslutninga. Gjennom heile sommaren kan barn registrere bøker dei les og få poeng. Får ein nok poeng, vil det vere mogleg å sanke inn premiar.
Sørheim set fokus på å informere ungane om viktigheita rundt det å lese regelmessig gjennom heile sommaren. Ho opplever at fleire er veldig engasjerte i byrjinga, for så å dette litt av mot slutten.