Kikka inn i framtida

Å ta ein kikk gjennom gullruta for å sjå føre seg korleis kai- og torgområdet i sentrum av Etne kan sjå ut, set kreativiteten i sving. I lag med White Arkitekter fekk mange frammøtte innbyggjarar drøyma litt i lag.

Publisert Sist oppdatert

Tenk å kunna sitja på kaien i Etne, omringa av både litt grøntareal, kanskje ein grill-plass, fleire bord- og benker og nyta ein varm sommardag? Kanskje finst det også eit høgt stupetårn, nokre stupebrett, trapper som går ned i sjøskorpa som gjer at det er lett å komma seg uti vatnet, så vel som å komma seg opp igjen etter ein dukkert. Og kven veit? Kanskje det også finst ein liten snackbar som periodevis held ope, ei flytebrygge som kan husa» både kajakkar og padlebrett, og eit lite bygg med garderobeskap og dusj? Det høyrest ut som ein dyr draum. Men det kan faktisk hende at noko av dette kan bli ein realitet.

— Alle veit kor Etne er fordi det er mange som er gjennomreisande, men ikkje alle veit kor sjøen er. Tenk om dei kunne kome ned til sjøen og sett det me ser gjennom denne gullruta her, seier Signe Ytrøy som er biblioteksjef i Etne.

Ho var ein av mange som hadde møtt fram då White Arkitekter møtte til drøse-møte med innbyggjarane tysdag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS