Janne Larsen Sævareid, legg mykje arbeid ned i famiiebedrifta Larsen Bakeri i Skånevik der fleire generasjonar har jobba før henne. No får ho litt hetta av den kolossale prisauken på varer og straum, og må tenkja kreativt for å sjå framover. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Dagleg leiar Janne Larsen Sævareid har stort fokus på å unngå matsvinn på Larsen Bakeri i Skånevik.

Kastar ingenting

Larsen Bakeri blir heidra på baksida av Q-mjølk-kartongane for sin innsats mot matsvinn. Hos bakeriet i Skånevik går ikkje eit einaste brød i bosset.

Publisert Sist oppdatert

— Dette er stor stas. Det er veldig kjekt å bli lagt merke til for jobben me gjer, seier dagleg leiar Janne Larsen Sævareid.

På sine vårkartongar har Q delt ut meir enn 30 Matredderprisar, der dei feirar aktørar som gjer ein forskjell og inspirerer andre. På kartongen skriv dei at Larsen Bakeri har blitt eit førebilete innan matsvinn, og at dei gjer brød til berekraft.

— Med kreative løysingar som sal av bakarvarer etter stengetid, sørgjer dei for at ingenting går til spille. På denne måten reddar dei tonnevis av mat kvart år – og motiverer andre til å tenkja nytt. Difor har dei fått Q Matredderprisen, skriv Q-Meieriene.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS