Kan hamna på UNESCO-liste og bli ein stor turistattraksjon
Ein halvtimes spasertur frå sagbruket på Rullestad ligg nokre av dei største jettegrytene i Nord-Europa. Nå kan dei spektakulære naturformasjonane som blei danna på rekordtid under slutten av istida, bli å finna på lista til UNESCO Global Geopark.
— Dette er eit av dei mest fantastiske jettegrytene me har sett. Og det mest fantastiske er at dei er i fjellet, seier dei to geologane og professorane Jan Mangeurd (84) og John Inge Svendsen (65) frå Universitetet i Bergen.
Dei har nett vore på tur i området aust i Etne kommune for første gong og let seg imponere stort av fjellområdet der enorme krefter frå is, smeltevatn og steinmassar har grove djupe groper i den knallharde granitten.
Unikt