Arild Austrheim har vore konstituert lensmann i Etne og Vindafjord i over eitt år. Frå 1. mai byrjar han i ny politijobb med kontorplass i Haugesund.
ARKIVFOTO: Jon Edvardsen
Kan gripe tidlegare inn når det er bekymring
Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt manglar ikkje arbeidsoppgåver sjølv dei relativt har langt færre melde straffesaker enn gjennomsnittet i Sør-Vest politidistrikt. Kontoret har naturleg nok også langt færre akutte oppdrag enn meir folkerike område.
Avstandane er store i dei to kommunane, men lensmannsdistriktet har likevel tid til å gå inn i saker som gjerne blir nedprioriterte i by-område der kriminaliteten er større.
Låg terskel for bekymring