Kan bli portrettert av internasjonal filmskapar
Hovudpersonen sjølv synest dette høyrest spennande ut, og etter at Rafdal hadde kikka litt på Thomas Storesund sine tidlegare arbeid, var han ikkje i tvil om at han ville takka ja til førespurnaden om å medverka til dokumentaren om seg sjølv.
— Eg må jo stilla opp på dette, og eg synest det han har produsert før verkar svært bra. I min bransje handlar det også om å få visa fram det ein held på med, og så lenge ein stolar på at prosessen er god, er det naturleg å takka ja, seier Jan Terje Rafdal.
Prisvinnande