Kamp om Dommersnes-investering
— Dette er ikkje rett tidspunkt å selje seg ned. No er det kjempeviktig at me er med på å leggje til rette, sa ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) i eit formannskapsmøte tydsdag.
Han viste til at Noreg si havvindsatsing er inne i ein viktig fase, med prosjekt som Utsira Nord i sikte. Som ein parallell viste han til industriområde som kommunen har vore med å utvikle, for så å selje seg gradvis ned når næringslivet vil ha areal.
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen foreslo til vedtak at Vindafjord kommune skal skyte inn inntil fem millionar kroner i selskapet Dommersnes AS/Windafjord Port, under føresetnad av at den andre eigaren, Westcon Yards, skyt inn det same. Forslaget fekk støtte med sju mot to stemmer i formannskapet.
Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikle Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa.
Ville ha inn andre
Forslaget til kommunedirektøren møtte motstand i dei to første innlegga under møtet. Øyvind Valen (Ap) la fram eit alternativt forslag med tre punkt:
- Kommunestyret er innforstått med at selskapet treng auka kapitaltilførsle for å få ferdigstilt reguleringsplanarbeidet og arbeidet mot marknaden.
- Kommunestyret er opne og ser positivt på at andre private eller offentlege aktørar kan koma inn i selskapet. Det kan vere naturleg at kommunen sin eigardel blir redusert.
- Kommunestyret ber styret undersøke om det er aktuelle selskap som vil gå inn i selskapet, og koma tilbake til ope eller lukka formannskapsmøte 26. november eller 10. desember med tilbakemelding.
I saksinnkallinga kom det fram at styret i Windafjord Port ikkje ville invitere nye eigarar inn på det noverande tidspunktet. Styret fekk støtte frå kommunedirektøren. Han skreiv at det er sannsynleg at både arbeidet med fase 1 og reguleringa av heile området vil medføre ein verdiauke på området, og dermed på kommunen si eigardel, som vil vere minst like stor som kapitalinnskotet som ligg føre no.
Samstundes poengterte Folven Bergesen at kommunen seinare bør vatnast ut» eller selje seg heilt eller delvis ut. Han skreiv at han ser det som viktig at selskapet har føreseielege forhold for å gjennomføre fase 1 og hente ekstern kapital. Mindretalet i formannskapet ville opne døra for det allereie no, men fleirtalet ønskjer å vente.
Valen påpeika at det ikkje er overraskande at selskapet treng meir kapital, og viste til informasjon frå tidlegare lukka møte. Han uttala at det ville vere rett å sleppe andre aktørar til. Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) støtta Valen.
— Eg er skeptisk til at kommunen skal ha dette ansvaret, sa Klette Steinsland.
Ho viste til at kommunen er avhengig av tillit og problematiserte eigarskapen i eit slikt selskap opp mot kommunen si rolle som saksbehandlar. I tillegg trakk ho fram usikkerheita i havvindnæringa nasjonalt. Resten av dei som tok ordet var tydelege på at dei vil vente med ei nedseljing av kommunen sitt eigarskap.
— Valen sitt forslag er bra, men det kjem for tidleg, sa Mats Årvik (Frp).
Han synest det er ekstremt gledeleg å sjå ei slik satsing som den Windafjord Port legg opp til. Foreininga Bevar Ålfjordens Perle har utspring frå ein underskriftskampanje mot planane, og jobbar aktivt for at dei ikkje skal bli realiserte. Då saksinnkallinga blei kjent, gjekk dei ut med ein svært kritisk pressemelding mot kommunedirektøren sitt forslag, og sidan har dei skrive eit lesarinnlegg retta mot politikarane. Styreleiar Jon Magne Svendsbøe synest Valen sitt forslag i formannskapet er interessant.
— Dette er vel langt på veg i tråd med oppfordringa i lesarinnlegget vårt, sa han i ein rask kommentar før avstemminga.
Etter stemmegivinga viste han til lesarinnlegget frå foreininga.
Lesarinnlegg frå Bevar Ålfjordens Perle:
Dyrare enn antatt
Då Windafjord Port blei oppretta, skaut kommunen og Westcon inn tre millionar kvar og blei eigarar av halvparten kvar. Sidan har selskapet arbeidd med vidareutvikling av planane for området, inkludert byggjeløyve og ny reguleringsplan.
Bakgrunnen for ønsket om meir kapital no er at kostnadane til selskapet med reguleringsarbeid har vist seg å vere dyrare enn planlagt. Styret bad difor om eit kapitalinnskot på ti millionar frå eigarane for å sikre drifta til 2026.
Det blir også forhandla med hytteigarar om å kjøpe ut nokre fritidseigedomar på det regulerte området. Selskapet ser det som formålstenleg å løyse ut desse eigedomane ved oppstart av fase 1», både grunna behov for eigedomane i samband med utviklinga av området, men òg av omsyn til mogelege utfordringar med støy og støv som kan oppstå for desse.
I saksinnkallinga uttrykte Folven Bergesen støtte til desse planane, samstundes som han understreka at innanfor fase 1 bør det vere mogleg for dei eksisterande verksemdene på området å fortsetje drifta som i dag, slik at desse ikkje vert løyste ut på noverande tidspunkt.
Saka skal opp igjen i kommunestyret komande tysdag.