Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

https://grannar.no/wp-content/uploads/2019/12/91-19-bjoa-julemarknad-7-scaled.jpgSlik såg det ut i gmsalen under julemarknaden på Bjoa for to år sidan. I år blir arrangementet delt opp for å unngå for stor trengsel på ein plass.Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Frå ein tidlegare julemarknad på Bjoa.

Julemarknad, musikk og turnfest på helgemenyen

Publisert Sist oppdatert

Den tradisjonsrike julemarknaden på Bjoa skule, blei til liks med så mange andre arrangement på denne tida i fjor, avlyst på grunn av koronaen. Sjølv om smittesituasjonen er ille også i år, blir det handel med gåveartiklar, mat og ei sosial hyggestund komande laurdag.

— Me har snakka med smittevernlegen og får dette til på ein god måte utan at det blir for mykje trengsel. Munnbind vil ligga klare ved inngangen, og elles oppfordrar me publikum om at ikkje alle kjem når marknaden opnar. Her vil det vera nok varer og mat å få utover heile dagen, seier Kathrina Håvardsholm.

Ho er leiar for ei frittståande undergruppe i Bjoa Sanitetsforening som består av seks personar og som har planlagt arrangementet etter nasjonale og lokale restriksjonar og tiltak. Vanlegvis er det stinn brakke i gymsalen på skulen under den populære julemarknaden. Denne gongen tar arrangøren difor korridor og eitt klasserom med kaffistasjon og matservering, i bruk for å spreia utstillarar og publikum.

Powered by Labrador CMS