Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Jordmoryrket lokkar få menn
Jordmoryrket er nesten fullstendig dominert av kvinner, og det er framleis uaktuelt å endre yrkestittelen til noko meir kjønnsnøytralt».
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet mannlege jordmødrer har gått ned frå 14 til 10 i perioden 2017 til 2023. Trass i at andre yrkestitlar har blitt endra for å vere meir kjønnsnøytrale, held jordmorforbunda fast på tittelen jordmor», skriv NRK.
– Det må vere eit ønske blant dei som jobbar som jordmødrer, og det finst ikkje. Det er ein yrkestittel me er stolte av og ønskjer å behalde, seier Hanne Charlotte Schjelderup, leiar i Jordmorforbundet, til allmennkringkastaren.