Jazza i Sør-Afrika
Håvar Ersland (21) frå Imsland hadde ei litt annleis førjulsveke enn dei fleste av oss. Saman med fem andre musikkstudentar heldt han seks jazzkonsertar på fem dagar i Sør-Afrika.
Håvard Ersland studerer jazzpiano ved musikkonservatoriet i Stavanger og er no ganske nøyaktig halvvegs i det treårige studiet. I løpet av desse 18 månadane han har vore student, har imslansbuen blitt kjend med andre jazzmusikarar og saman med fem andre starta han i august opp jazzbandet Zulu Sextet. Bandet spelar ofte på diverse utestadar, og ei stund før jul la ei også ut ein video frå ein av konsertane.
— Låten me spela i videoen var laga av ein ganske kjend sørafrikansk artist. Denne artisten oppdaga videoen vår og la den ut på facebooksida si, og dette blei oppdaga av jazzklubbn The Orbit i Johannesburg. Dei kontakta oss og me fekk invitasjon til å komma ned til Sør-Afrika for å spela på The Orbit, seier den talentfulle 21-åringen.
Målet mitt er å kunne leva av musikken
Lært mykje
Ein av medlemmane i bandet Zulu er Ndabo Zulu, som er ein trompetist frå Sør-Afrika. Han har budd i Noreg i tre — fire år, men var ganske attraktiv jazzmiljøet i heimlandet før han reiste til Noreg. Det var også han som hadde ideen til å starta bandet.
For å koma seg til Sør-Afrika måtte dei søkja om økonomisk hjelp, og fekk støtte frå fleire hald. Mellom anna igjennom Musikernes Fellesorganisasjon (MFO), Frifond og Vestnorsk jazzsenter. I tillegg heldt bandet ein del konsertar i Stavanger før dei reiste, som også gav dei litt klingande mynt i kassa. Så gjekk turen til Johannesburg og i løpet av fem dagar heldt Zulu heile seks konsertar.
— Me spela på The Orbit som er jazz- og bistrorestauranten som inviterte oss ned. Å spela jazz i Sør-Afrika var veldig kjekt, og stemninga heilt fantastisk. Det var eit heilt nytt publikum som var både var gira og genuint interessert i å høyra musikken vår. Me fekk svært god respons. I tillegg spela me på PMB, Durban Music School, The Chairman, The jazzy rainbow og Stranger som alle er jazzklubbar, seier Ersland og legg til at han har lært mykje nytt igjennom ei slik oppleving.
I løpet av opphaldet fekk dei også høve til å gå på fleire jazzkonsertar, og Ersland innrømmer at dette var til stor inspirasjon.
Vil leva av musikken
Ein skulle tru at når ein studerer jazzpiano, ein treårig bachelor på eit musikkonservatorium, så er ein oppvaksen med pianoundervisning frå ein er barn. Slik er det ikkje for Ersland. Han gjekk på pianoundervisning i eitt år då han var liten, men var ikkje interessert og slutta. Først då han var 2.klassing på Skeisvang vidaregåande skule tok han opp igjen pianospelinga si, og då han søkte seg inn på musikkonservatoriet valde han piano som hovudinstrument. No brukar han mellom fem og seks timar kvar einaste dag på pianokrakken, for skal ein bli god må det øving til. Og ein god jazzpianist har Ersland alle ambisjonar om å bli.
— Målet mitt er å kunne leva av musikken, og pianoet er eit flott instrument. Det er så strukturert og du har heile spekteret frå mørke tonar til dei lyse rett framfor deg, seier han.
Album?
Framtidshåp har han også for bandet Zulu der Martin Nodeland (gitar), Vidar Starheimsæter (bass), Mathias Hagen (saksofon), Trond Martin Tanke (trommer) i tillegg til trompetisten og han sjølv utgjer sekstetten.
— Me satsar alle seks på at bandet skal leva nokre år, og målet er å gi ut plate. Me skriv det meste av musikken vår sjølv og me håpar me allereie no kan bli ein del av alle jazzfestivalane som eksisterer, seier Ersland som ikkje legg skjul på at ein tur tilbake til Afrika definitivt står på lista for framtidsplanar.