Etne Musikklag lovar ei heidundrande konsertoppleving når dei inviterer til konsert på Skakke.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Inviterer til latinamerikansk kveld
Siste torsdagen i mars er der berre å henta fram kastanjettane, sombreroen og bastskjørtet, og bli med på Etne musikklag sin latinske kveld fylt med lidenskap, rytmar og energi.
— Dette blir bra. Det blir eit gøy tema med latinske rytmar, seier leiar i Etne Musikklag Odd Steinar Kvinnesland og lovar ein musikalsk kveld utanom det vanlege.
På repertoaret denne kvelden står ei rekkje tradisjonelle latinske musikalske perler frå Cuba, Brasil, Mexico og Karibia. Her får publikum høyra låtar som Latin Games for band, Latin Gold, Latin Sun, Danzon no. 2, Karneval i Oslo og ikkje minst den kjente låten Mambo no. 5 med opphav frå Cuba i 1949.
Låtane er lagt til rette for korps, og med dirigent Linas Dakinevicius i Etne musikklag og dirigent Petra Romanyshn frå Odda Storband til å halda styr på musikarane. Konserten er ein av fleire store konsertar som musikklaget i Etne set opp kvart år.