Investerer stort i lokale feriehus
— Mange ser at det er ein fin plass. Det ligg til sjø, og det er godt fiske i fjorden, seier dagleg leiar Erling Prestbø i Bjoa Feriehus om attraktiviteten til Bjoa.
Bjoa Feriehus AS blei stifta 2. mai og registrert i Føretaksregisteret 15. mai, med ein aksjekapital på 30.000. Erling Prestbø, som bur på Fitjar, er dagleg leiar og eig 25 prosent av selskapet. Kurt Arne Tyse, som bur på Stord, eig 75 prosent.
Ifølgje Proff Forvalt er Prestbø og Tyse forbundne gjennom til saman 27 firma. Blant desse er Stord-bedrifta Fronta AS, som vil byggje eit stort bygg med lagerseksjonar på Tongane i Etne. Per 31. desember var fire av 13 seksjonar selt eller reservert. I dette selskapet er Tyse dagleg leiar, medan Prestbø er økonomisjef.