Regjeringa vil stille krav til førar av fritidsbåtar som går over 50 knop.
Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Innfører kompetansekrav for høg fart på sjøen
Det nye kompetansebeviset skal innehalde både ein teoretisk og praktisk del. I tillegg vil det bli innført krav om bruk av automatisk nødstopp (dødmannsknapp).
– Høg fart gir større fare for alvorlege ulykker, og det blir kravd spesielle evner for å føre båt i høg fart. Den overordna målsetjinga til regjeringa med båtpolitikken er å leggje til rette for eit trygt båtliv, og vi har ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med omkomne eller hardt skadde med fritidsbåt. Derfor innfører vi no desse krava, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Dei nye krava vil innebere ei endring av dagens regelverk. Sjøfartsdirektoratet har fått i oppgåve å utforme forslag til konkrete endringar, og desse forslaga blir sende på høyring i januar 2021.