AlleMed-koordinator Barbro Ringstad snakka om venskap og fritidsaktiviteter under inspirasjonsmøtet på Kyrkjetunet i Ølen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Inkludering på dagsorden
AlleMed-koordinator Barbro Ringstad i Vindafjord snakka varmt om venskap då ho som éin av tre føredragshaldarar deltok under inspirasjonssamlinga på Kyrkjetunet i Ølen der tema var inkludering og tilrettelegging.
Vindafjord er éin av 63 kommunar her til lands som har tatt i bruk AlleMed-verktøyet for å finna fram til løysingar som kan bidra til at alle barn og unge kan delta på fritidsaktivitetar. AlleMed er eit informasjons- og handlingsverktøy som skal gjera det lettare å inkludera barn og unge i aktivitetar, uavhengig av familien sin sosiale og økonomiske situasjon.
Handtering av verktøyet er det AlleMed-koordinator Barbro Ringstad som tek seg av, og under inspirasjonssamlinga i regi av Vindafjord kyrkjelege fellesråd torsdag kveld, snakka ho om venskapsbygging gjennom fritidsaktivitetar.
— Å vera aktiv og få vener er viktig for at ein skal føla seg bra. Vener gjer at ein ikkje føler seg utanfor og er einsame, sa Ringstad og håpar å få fleire barn og unge med på fritidsaktivitet uansett kva som hindrar dei i å delta.