— Ikkje rør beitetilskota
— Ikkje rør beitetilskota, sa Sandeid-bonden Oddbjørn Øverland (30) til Kristeleg Folkeparti si talskvinne for landbrukspolitikken då ho vitja garden hans.
Valkampen er godt i gang, og torsdag var det landbruket som sto på agendaen då Kristeleg Folkepari si talskvinne i landbrukspolitikken, Line Henriette Hjemdal, var på rundreise i Vindafjord for å setje seg betre inn i kor skoen trykker for bøndene på Vestlandet.
På garden Øverland, nokre hundre meter aust for Sandeid kyrkje i retning Helgeland, var ho invitert til synfaring på garden til Oddbjørn Øverland. 30-åringen er ein av fleire yngre bønder som dei siste åra har bretta opp ermene for å satse på landbruket. Han hadde opphavleg ein god jobb i oljen, men kombinasjonen av nedturen i oljebransjen, og at han ein dag skulle ta over farsgarden, sytte for at ting gikk noko raskare enn først planlagd.
— Pappa (Torgeir Øverland, red.anm.) hadde nok eigentleg ikkje tenkt å gje seg før han vart 67 år. Men han tenkte meir og meir på moglegheita for tidleg-pensjon, og landa på at tida var inne i fjor, fortel han.