Små og store stilte opp i hopetal for visa si meining om skulenedlegginga i Vindafjord sist veke.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Små og store stilte opp i hopetal for visa si meining om skulenedlegginga i Vindafjord sist veke.

Ikkje berre Vindafjord som legg ned skular

Fleire norske kommunar står overfor utfordringar knytt til demografiske endringar og stramme budsjett. Dette fører til at mange no vurderer å leggje om skulestrukturen sin.

Publisert Sist oppdatert
Det blei store protestar då to vidaregåande skular og fem skulestadar i Innlandet blei foreslått nedlagde, og så nedlagde av fylkestinget i haust.

Og allereie i slutten av 2024 er ikkje Innlandet åleine om å ha skulenedlegging oppe til debatt.

Tysdag 17. desember vedtok kommunestyret i Vindafjord kommune i Rogaland å leggje ned to skular: éin på Bjoa og éin på Imslandsjøen. Då forslaget om nedlegging var oppe tidlegare i haust, blei det organisert folkedemonstrasjon utanfor rådhuset til kommunen i Ølen.

Partiutmeldingar i protest

I Kinn kommune i Vestland valde sju faste kommunestyrerepresentantar frå Høgre å melde seg ut av partiet, som følgje av ein strid som hovudsakleg handlar om framtida til Raudeberg skule i den nordlege delen av kommunen.

Utbrytarane hevdar at Kinn Høgre har gått vekk frå valløftet dei gav veljarane om skulestruktur. Dei meiner at Raudeberg skule bør få eit meir langvarig vern, medan fleirtalet i kommunestyret, inkludert Høgre-ordføraren, vil frede skulen berre fram til den nye Skram skule i Måløy er klar for innflytting.

I Gloppen kommune i same fylke har eit fleirtal i kommunestyret, beståande av Høgre, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne, lagt fram eit alternativt budsjett og økonomiplan for 2025–2028. Planen inkluderer fleire strukturendringar innan skule og helse. Ein av dei mest markante endringane er forslaget om å slå saman Nordstranda og Sandane skule administrativt frå hausten 2026, med full samlokalisering frå hausten 2027.

Samtidig peikar andre politikarar på behovet for å tilpasse skulestrukturen til ein minkande barnepopulasjon.

Færre og større skular

Og det er ofte ein minkande barnepopulasjon som er katalysator for nedleggingane. Ei kartlegging frå Utdanningsdirektoratet (Udir) viste at det er 376 færre grunnskular i dag, samanlikna med for 15 år sidan. Særleg er det små skular i små og avsidesliggjande kommunar som blir lagde ned.

Samtidig har det vorte 15.422 fleire grunnskuleelevar. Det har dermed vorte færre og større skular.

Eit hovudargument for skulenedleggingane er dei demografiske endringane som skjer i Noreg og økonomiske avgrensingar. Mange kommunar opplever ei aldrande befolkning, medan talet på born og unge går ned. Dette gjer at det blir færre elevar å fordele på skulane, og mindre økonomisk handlingsrom for kommunane

Til NRK har Bjørn Gudbjørgsrud, styreleiar for Norsk Kommunedirektørforum, uttrykt at det vil vere fleire hundre færre grunnskular i Noreg om ti år. Årsakene er at det blir fleire eldre og færre yngre innbyggjarar i dei fleste kommunar.

– Viss kommunane ikkje tilpassar seg, så hamnar ein i ei alvorleg økonomisk hengjemyr. Eit forsiktig anslag er nok at vi har 300 færre grunnskular om ti år enn det vi har i dag, sa Gudbjørgsrud til allmennkringkastaren i oktober.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS