I 1865 budde det 22 menneske på garden.
Idyll der alle kan finne ro
Etter i underkant av fire kilometer på ein skogsveg, opnar det seg ei lysning mot Yrkesfjorden. Garden Stråtveit inviterer til ei stille stund, aleine på eit stykke uren luren i fjellsida.
Først i kraftig motbakke opp frå Raunes i Vats, deretter innover fjellet, og når Raunesvatnet er passert, går det litt i unnabakke, før kvite, grå og gule bygningar kjem til syne gjennom tynn skog.
Ein gong i tida beit nokon seg fast på den einaste grasbakken i denne delen av Vindafjord. Men for 50-60 år sidan flytta dei siste frå garden. I kilometer er det ikkje så langt til naboen, men likevel einbølt og tungvint.
Bygningane på garden har rimeleg god stand utvendig sjølv om det for fleire av dei ikkje er så langt unna for neste malarkost. Det er slik dei fleste gjestene kan oppleve Stråtveit, ute mellom bygningane, på bakkane, borte i hagen, eller kanskje ein tur til sjøen der naust og sjøhus står i Brattestø.