I helikopter til nyårsfeiring
På fjorårets aller siste dag bar det rett til vers frå Skånevik til nyårsfeiring og […]
På fjorårets aller siste dag bar det rett til vers frå Skånevik til nyårsfeiring og overnatting i jakthytta på Nepestølsbakken. Gunvor og Berdines Røgelstad fekk sin aller første fyketur og fekk meirsmak etter den overraskande turen.
— Det var som å sitje i ein stol heime i stova vår, på eit par minutt var me oppe, heilt kjempefint. Turen ned tok litt lengre tid for då tok me ein sving over bygda så me fekk sjå oss litt om, men det er ein heilt utruleg måte å reise på, så roleg og komfortabelt, seier Gunvor Røgelstad i det ho kjem ut av helikopteret etter nyårsfeiringa på fjellet.
— Ja dette var kjempe flott, og Johannes er flink som fekk dette i stand for oss, la Berdines til.
Dei to kunne ikkje få skrytt nok av nevøen Johannes Røgelstad som eig jakthytta dei vitja og som stod for planlegginga av helikopterturen.
Fantastisk utsikt
— Alle gardar bør ha ei jakthytte, ikkje fleire, men ei til kvar gard. Det er flott at garden her også har fått seg ei, meiner 91-åringen. Han er sjølv oppvaksen på garden til Røgelstad ute på Leknes, der nevøen Johannes no held til, og han set stor pris på at den vesle jakthytta endeleg er eit faktum.
— Eg trur faktisk eg var meir glad enn dei sjølve for at dei fekk setje opp den vesle hytta på Nepestølsbakken. Det er den beste plassen den kunne stå, av alle stadar me nytte utsikt når me låg oppe i fjella, så var det heilt klart favorittplassen vår. Det kunne ikkje vorte betre, slår Berdines fast.
Frå den vesle hytta som ligg nedanfor fellesgrensa, på om lag 500 meter høgd, kan dei nyte utsikt over nesten heile Sunnhordlandsbassenget når veret er klårt.
— I går var det skodde heilt til like før me for opp, då letta det og me fekk sjå utover alt, ei heilt fantastisk utsikt, fortel Gunvor til Grannar etter nedturen første nyårsdag.
Den vesle hytta, eller jaktbua som det eigentleg heiter, er berre på 35 kvadratmeter, men har alt ein kan få behov for, og ekteparet Røgelstad meinte standaren med solcellepanel og vedomn, var heilt super.
— Det er så godt at det er ei hytte her nå slik at dei som jaktar slepp å ligga oppe på snaufjellet, alt vert mykje lettare for dei no, seier tidlegare aktive jegeren Berdines.
Gav meirsmak
Paret likte helikopterturen så godt at det snart kan bli ny luftetur.
— Det var så flott, dette ynskjer me å få gjere om igjen, og me vil freiste å få til ein tur i mai for då er naturen så flott. Men då får me vel syte for planlegging og transport sjølve, seier Gunvor.
Også Berdines er einig med at dette må gjentakast, han hadde håpa på å få tatt turen opp tidlegare i haust, men vart hefta på grunn av beinbrot etter eit fall ned ei trapp. Men han har fylgd nøye med på planlegginga og bygginga heile tida og var utruleg takksam for å endeleg å få vera oppe i fjella der han som ungdom jakta. Og han vona også at dei får høve til ein ny tur til våren.