Arne Martin Kjærland (f.v.), Rune Bruøygard, Erika Vartdal, Olav Magnus Linge og Sten Roar Martinsen i Hydro presenterte prosjektet i Ølensvåg.
SVEIN-ERIK LARSEN
Hydro vil byggje vindpark i Ølensvåg
Tysdag lanserte Hydro at dei vil utreie moglegheita for vindkraft på Bukkanibba. Dei ser på høve til å setje opp ni til femten turbinar på fjellet i Ølensvåg.
Planane blei presenterte under
eit pressetreff i Medvind-bygget i Ølensvåg. I forkant sende Hydro ut ei
pressemelding der dei grunngav ønsket med behov for vidare industriutvikling,
arbeidsplassar og verdiskaping i regionen.
Ifølgje pressemeldinga har
industrien på Haugalandet eit aukande behov for fornybar kraft. Gjennom
prosjektet Haugaland Industrikraft i Vindafjord ønskjer Hydro å bidra til å
dekkje noko av dette behovet. Målet er både å styrkje eksisterande industri og å
leggje til rette for nye etableringar.
– Tilgang på fornybar kraft til
konkurransedyktige prisar er avgjerande for at me skal kunne vidareutvikle
industrien og sikre arbeidsplassar òg i framtida. Skal industrien på
Haugalandet lukkast med grøn omstilling og vekst, må me ha meir kraft på rett stad.
Vindkraft kan vere ein del av løysinga, og difor ønskjer me å utreie
moglegheitene på Bukkanibba, seier Rune Bruøygard, sjef for eigarskap og vind i
Hydro Energi.