Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Parkerte Norwegian-fly kan bli ein realitet i sommar om ikkje pilotane kjem til semje med Norwegian i lønnsoppgjeret. Foto: Vidar Ruud / NTB/ NPK
Parkerte Norwegian-fly kan bli ein realitet i sommar om ikkje pilotane kjem til semje med Norwegian i lønnsoppgjeret.

Hundretusenvis av sommarferiar kan spolerast av mogleg pilotstreik

Publisert Sist oppdatert

Forhandlingane mellom Norwegian og fleire av pilotane deira er allereie på overtid. Skulle dei ikkje komme i mål kan flya stå på bakken i sommar.

– Det er den norske forhandlingsmodellen, og sjølvsagt kan vi ende der. Men vi er i dialog, og vi ønskjer å finne ei løysing, seier Alf Hansen, som representerer Norwegians pilotar basert i Noreg til E24.

Leiaren for Norwegian Pilot Union fortel at dei er i dialog med Norwegian og at han håpar dei kjem i mål.

Forhandlingane er på overtid, men det er ikkje sett nokon forhandlingsfrist. Dermed kan det i verste fall ende med pilotstreik i den mest travle perioden, sommarferien.

– Vi både håpar og trur vi at vi skal kunne semjast med pilotane, slik vi nyleg har gjort i Spania og Danmark, fortel Norwegians kommunikasjonsdirektør, Esben Tuman, til avisa.

Forhandlingsleiaren til pilotane understrekar at dei ikkje ønskjer å skade passasjerane.

– Uansett tid på året flyg vi mange menneske, så det er ikkje eit strategisk val at dette går no føre seg, det er fordi selskapet har vore opptekne, seier Tuman til E24.

Næringslivsavisa skriv at Norwegian allereie har selt over 300.000 fleire billettar til sommarsesongen enn i fjor.

Powered by Labrador CMS