Laura Drungiliene frå Litauen (t.v.) er tannlege i Etne. Julie Håheim (11) var ein av dei første pasientane i stolen etter at den nye tannlegen kom i 2019. Tannhelsesekretær er Bjørg Astrid Berntsen FOTO: Grethe Hopland Ravn
Laura Drungiliene frå Litauen (t.v.) er tannlege i Etne. Julie Håheim (11) var ein av dei første pasientane i stolen etter at den nye tannlegen kom i 2019. Tannhelsesekretær er Bjørg Astrid Berntsen

Høyringssak om tannhelsetilbodet

Etne formannskap skal tysdag bestemma kva kommunen meiner om planane for korleis tannhelsetenesta i Vestland skal organiserast i framtida.

Publisert Sist oppdatert

Vestland fylkeskommune har sendt på høyring eit forslag om å endra strukturen og organiseringa av den offentlege tannhelsetenesta. Planen legg opp til større fagmiljø, meir effektiv ressursbruk og færre, men større tannklinikkar. Endringane kan få direkte betydning for Etne, sidan tannklinikken i kommunen er ein del av høyringsforslaget og kan bli avvikla eller flytta til annan kommune.

Står sentralt

Tannklinikken i Etne ligg rett ved Enge skule, er nyleg oppgradert og lett tilgjengeleg for elevar og familiar. Barn kan gå til tannlegetimar til fots, noko som gir lite fråvær frå undervisninga og mindre praktiske utfordringar for føresette. Klinikken er ein del av ein samla helse- og oppvekststruktur i sentrum av Etne.

Forslaget frå fylkeskommunen opnar for at tannklinikken kan bli flytta ut av kommunen. Vindafjord blir peika på som næraste alternativ. Ei slik endring vil bryta opp dagens samlokalisering av tenester og føre til transportbehov for alle.

Etne er geografisk plassert mellom Haugesund og Odda, og dagens tannklinikk fyller eit viktig mellomrom i regionen. Dersom klinikken blir flytta, må innbyggjarane reisa lengre for tannbehandling. Samtidig er det lokale kollektivtilbodet svekka, noko som vil gjera det vanskelegare for barn og ungdom å ta seg til tannlegetimar utan hjelp frå vaksne.

Tannlegen i den offentlege tannhelsetenesta er ung og etablert i bygda, noko som peikar mot stabil drift i Etne dersom klinikken blir verande.

Tannlegekontoret til skuletannlegen i Etne.

Kommunedirektøren si vurdering

Administrasjonen peikar på at ei flytting av tannhelsetilbodet vil skapa større avstand til tenesta, meir transportbehov og meir fråvær frå skule for elevar. Dette kan svekka det førebyggande arbeidet og gi meir krevjande kvardagar for familiar. Kommunedirektøren meiner difor at tannklinikken bør bli verande på dagens lokasjon.

I tillegg ber administrasjonen om ei grundigare vurdering av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane ved ei eventuell flytting. Innsparing for fylkeskommunen kan bli marginal samanlikna med dei samla konsekvensane for lokalsamfunnet.

Vidare behandling

Formannskapet skal tysdag ta stilling til om Etne kommune skal senda eit samla høyringssvar til Vestland fylkeskommune. Dette vil inngå i den vidare prosessen før fylket konkluderer med kor tannhelsetenesta skal plasserast dei komande åra.

Powered by Labrador CMS