Odd Harald Hovland (t.v) Nils T. Bjørke og Sveinung Rotevatn på valkampbesøk i Etne. Bømlingen er sikra plass i det nye Stortinget, det er også Rotevatn i målinga frå NRK, medan Bjørke må leva i spenning.
Foto: Svein-Erik LarsenFOTO: Svein-Erik Larsen
Hordaland-måling: Ap forsvarer fire mandat – Sp misser eitt
NRK si ferske meiningsmåling for Hordaland valkrins viser kraftig tilbakegang for Høgre, Ap og Sp, medan Venstre, Frp, KrF og SV har framgang frå augustmålinga. Høgre ender på 23,1 prosent som er -5.0 prosentpoeng fra august. Dei blir nå tildelt fire mandater og får dermed ikkje inn sin femtekandidat, Charlotte Spurkeland, viser tala frå NRK Vestland.
V og KrF gjer det svært godt på denne målinga og held med dette kvar sitt mandat i Hordaland. Venstre som i dag er representert med Terje Breivik, ligg an til å få inn Sveinung Rotevatn. KrF sin listetopp, Knut Arild Hareide tar ikkje gjenval og vil bli erstatta av Dag Inge Ulstein.
— Også Raudt gjer en veldig god måling rett før valet, og får inn sin listetopp Sofie Marhaug. MDG hadde Arild Hermstad inne på augustmålinga, men dette ryk med det føreliggande resultatet på 4 prosent, sjølv om dette berre er ein nedgang på -0.4. MDG er ca. 2.000 stemmer eller ca. +0.6 unna eit direkte mandat, melder NRK Vestland.