Steinar Aalvik
PÅ TAMPEN:
Å HUGSA Å TAKKA FINT
Då
den andre verdskrigen endeleg var over, rådde det ei lys og lett stemning i
landet. Vaken landsungdom kledde seg opp i strekkbukse og vindjakke, med Birger
Rud hua på hovudet og rosevetter på nevane. Dei snørde på seg nysmurde beksaumarar, så slengde dei sjølvlaga askeski
på aksla, og gjekk til fjells utan solfaktor i fjeset. Dei som eldre var,
gledde seg nok ved dette synet, men dei kjende vel og på ei viss uro. Var det
ikkje sant som det var sagt, at lediggang var rota til alt vondt? Og hadde det
ikkje vore nok vondskap i verda slik det var? Dette førte til at gode krefter,
sette på dansen, som dei kalla det på den tida, at det skulle skipast til eit
snikkarkurs for kjekke gutar i skulehuskjellaren, på kveldstid. Eine vinteren
etter den andre tok godt folk med seg det dei hadde av høvelbenkar, verkty og
den slags, og rigga seg til i kjellaren på Sørstranda skule. Dei fekk Sverre
Førsund til lærar, og der med var dei oppe og gjekk.
Han
far gjekk på dette kurset ein vinter. Han arbeidde seg ein skjenk. Han arbeidde
seg to lenestolar som tante Jorunn stoppa opp, og sydde trekk til, og han
arbeidde eit lite bord i ein spesiell stil, som truleg var siste skrik, på den
tida. Kva han gamle Sjur tykte om dette bordet, har eg aldri høyrt noko om, men
eg ser ikkje bort frå at han vart noko mutt og vanskeleg å ha med å gjera ei
tid, etter at møbelet var kome til gards.
Men
bordet står nå det det står det. Og der har det stått all min dag. På hylla
under bordet står det eit lite rosemåla blekkskrin. Inne i dette skrinet ligg
det ei mengd takkekort. Dei fleste med bilete av slike som har lova å leva
saman i ekteskapet, til døden skil dei åt. Det ligg og eit russekort der, og
nokre takkekort frå før sekulær tid. Desse er gjerne utsmykka med ein teikna og
fargelagd blomebukett. Under der er det eit bibelsitat, med referanse. Nokon
har velsigna framsida med noko som liknar eit prosentteikn. Det tyder at folk
skal gjera vel å sjå på baksida. Der står det gjerne «Hjarteleg takk for at De
hugsa meg på dagen min», signert av nokon i mi eiga grend, som har runda femti
år, eller meir.