Talen handla mellom anna om klimaendringar og korleis arbeidslivet skal omstillast for å tilpasse seg velferdsstaten i framtida.
— Farlege klimaendringar er vår tids største utfordring. Noreg skal redusere eigne utslepp av klimagassar i tråd med dei internasjonale forpliktingane våre. I tillegg skal vi støtte fattige land i deira arbeid, sa kongen då han las opp talen.
— Utfordring å inkludere fleire
Talen var prega av pandemien og dei økonomiske etterverknadene av han, spesielt etter at dei fleste koronatiltaka i Noreg er fjerna.
— Den økonomiske aktiviteten i Noreg tek seg raskt opp. Det er no fleire sysselsette i befolkninga enn før pandemien kom. Stadig færre går ledige. Det blir stadig fleire ledige stillingar, sa kongen.
Fleire må i arbeid for å finansiere velferda når bidraget frå oljeaktiviteten blir redusert, poengterte han.
— Allereie no ser vi ein mangel på kvalifisert arbeidskraft fleire stader. Det er både ei utfordring og ei moglegheit. Ei utfordring fordi mangel på arbeidskraft gir mindre verdiskaping og velferd i samfunnet, ei moglegheit fordi det er mange fleire som kan og vil arbeide i samfunnet vårt, sa han.
Skrytte av skyhøg kvinnedel
Stortingets ferske president, Eva Kristin Hansen (Ap), heldt òg ein tale under opninga, der ho skrytte av at det no er rekordmange kvinner i nasjonalforsamlinga.
– Kvinnedelen er i år høgare enn nokon gong, no endå litt nærare 50 prosent. Det er på tide, i det året vi markerer at det er 100 år sidan Karen Platou som første kvinne vart vald til fast stortingsplass, sa Hansen.
Også ho snakka om etterverknadene av pandemien og korleis Stortinget skal ta fatt på arbeidet med vegen vidare.
— Gjenopning – på nokre område gjenreising – kjem òg til å prege arbeidet vårt i vekene og månadene som kjem. Det same vil behovet for å hauste lærdommar gjere, sa stortingspresidenten.
Ho seier framtida er uviss, men meiner politikarane må jobbe med å finne løysingar og forsvare grunnprinsippa til demokratiet.
— Ingen visste at vi skulle gå ein pandemi i møte då vi tok fatt på førre stortingsperiode. På same måte veit vi ikkje kva den kommande perioden vil medføre, sa Hansen.