Vinteren er høgsesong for påkøyrsle av vilt. Foto: Shutterstock.
Vinteren er høgsesong for påkøyrsle av vilt.

Høgsesong for påkøyrsle av vilt

Publisert Sist oppdatert
NPK: Meir enn 10.000 hjort, elg og rådyr har blitt påkøyrde hittil i år, og tala aukar. – Det er straffbart å stikke av frå ein viltpåkøyrsel utan å seie ifrå, seier kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring.

— Mange trur at det er straffbart å køyre på vilt, men det stemmer ikkje. Det er derimot straffbart å ikkje melde ifrå, seier kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, Ole Irgens, i ei pressemelding.

I fjor var det registrerte talet påkøyrslar av hjort, elg og rådyr på norske vegar 12.500. Om ein samanliknar tala med tilsvarande periode i år, har det vore nesten to prosent auke, viser tal frå hjorteviltregisteret.

— Mørketida gjer det vanskelegare å sjå dei store dyra. Påkøyrsel av hjortedyr kan opplevast dramatisk, og inneber ofte store bilskadar. Seinhaust og vinter er den tida vi har flest skadesaker i samband med påkøyrslar, seier Irgens.

Om ein kjem ut for ein viltpåkøyrsel, skal ein bli på staden og varsle politi eller viltnemnda.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS