Høgare kornavlingar i år
Kornavlingane i Noreg ligg an til å bli 4 prosent høgare i år enn førre sesong, ifølgje Landbruksdirektoratet.
Kornavlingane i Noreg ligg an til å bli 4 prosent høgare i år enn førre sesong, ifølgje Landbruksdirektoratet.
Kornavlingane er venta å bli på 1,2 millionar tonn, noko som er 4 prosent høgare enn førre sesong, skriv direktoratet i ei pressemelding.
Dette er nær 6 prosent høgare enn snittet dei fem tidlegare åra.
Mengda kveite med matkvalitet er berekna til 151.400 tonn, noko som er over dobbelt så høgt som det svake fjorårsresultatet og rett under snittet for dei fem tidlegare åra.
Samtidig er det overproduksjon av bygg.
– Til liks med fjoråret har den høge produksjonen av bygg gitt ein ubalanse i kornmarknaden. Ein anteken produksjon på 690.000 tonn i inneverande kornsesong er 20 prosent over snittet dei førre fem åra, og det er allereie vedteke tiltak for å handtera overskotet, skriv direktoratet.
(NPK)