Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Her samlast bygda kvar sommar

Publisert Sist oppdatert

På Plassabakeriet nedst mot sjøen i Vikebygd blir ein møtt av deilig lukt av nysteikte snurringar kvar helg gjennom heile sommaren. Følgjer ein lukta, kjem ein fram til eit lite raudt hus utan straum. Inne i mørket står bakar Bjarne Vik med hovudlykt for å sjå bollane i den gamle steinomnen. Nettene går med til å fyre omnen, og på dagen steiker han snurringane på ettervarmen.

Kvar sommar har ekteparet Bjørn Vik og Margareth Onarheim ope bakeri på laurdag og restaurant med mat- og alkoholservering frå torsdag til søndag. Dei samlar bygda i helgene sommarstid, med alt frå hyttefolk og fastbuande til folk som kjem sjøvegen. Denne laurdagen spelte ikkje vêret heilt på lag, men folk trassa både vind og regn. Nokon sette seg inne i det varme lokalet, medan andre sat ute, trygt under telt med varmeomnar.

—Det har vore mykje folk her i sommar, seier Vik medan han legg til at det kan ha samanheng med at det har vore så fint vêr.

Powered by Labrador CMS