Det nye formannskapet i Vindafjord: Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), Solveig Hortmann (Sp), Tove Elise Olsen Frøland (Ap), Mats Årvik (Frp).), Modolf Haraldeid (H), Anne Cecilie Berentsen (Sp), Gustav Fosse (KrF), Therese Nesheim (H) og Jan Idar Haugen (Sp).
Foto: Jon Edvardsen
Her er det nye formannskapet
Det er stor utskifting i formannskapet som vart valt i ettermiddag. Berre ordføraren er igjen frå det gamle.
Det nye kommunestyret i Vindafjord konstituerte seg med ei rekkje val i dag. Først ute var val av ordførar og varaordførar der Ole Johan Vierdal (Sp) vart gjenvald, og Tove Elise Frøland Olsen (Ap) er den nye varaordføraren.
Begge vart valde med 17 stemmer med støtte av den nye koalisjonen Sp, Ap og KrF, pluss SV og Miljøpartiet dei grøne.
Opposisjonen lanserte Modolf Haraldseid (H) og Mats Årvik (Frp) som ordførar og varaordførar, og dei fekk åtte stemmer. Kristian Resset i Bjoa bygdeliste (BBL) stemte for opposisjonen sine kandidatar.