Ida Flesland trivst aller best når ho kan stella i hagen.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ida Flesland trivst aller best når ho kan stella i hagen.
Dei første blomane dukkar opp midt på vinteren og når våren kjem eksploderer det i fargar i dei frodige beda.
Dei første blomane dukkar opp midt på vinteren og når våren kjem eksploderer det i fargar i dei frodige beda.
Amerikansk symre trivst godt i hagen til Ida Flesland.
Amerikansk symre trivst godt i hagen til Ida Flesland.
Blomsterprakt.
Blomsterprakt.
Blå pulsatilla er eit vakkert syn.
Blå pulsatilla er eit vakkert syn.
Deler av hagen får veksa vilt for å tiltrekkja seg insekt og humler.
Deler av hagen får veksa vilt for å tiltrekkja seg insekt og humler.
Ein vakker miks av løkplanter, stauder og sukkulenter.
Ein vakker miks av løkplanter, stauder og sukkulenter.
Kvitveis veks vilt i deler av hagen og breier seg som eit vakkert kvitt teppe om våren.
Kvitveis veks vilt i deler av hagen og breier seg som eit vakkert kvitt teppe om våren.

Her blomstrar det året rundt

I den frodige hagen til Ida Flesland (87) i Etne avløyser den eine blomen den andre året rundt. Juleroser og vinterblom er dei første plantene som dukkar opp midt på vinteren, og sidan går det slag i slag. Det set insekt stor pris på.

Publisert Sist oppdatert

På Øyane i Etne ligg ein hage litt utanom det vanlege. Eit blomsterhav av dei sjeldne kjenneteiknar den frodige hagen som består av ei vakker blanding av blomar, buskar, tre og nyttevekster. I det store drivhuset har det blitt dyrka fram utallige planter opp gjennom åra, og frå kjøkkenhagen kan hageeigaren henta inn frisk salat og grønsaker til middagsbordet. Men mest av alt handlar det om blomar i alle slags fasongar og fargar.

— Det blømer frå slutten av januar. Då kjem vinterblom eller erantis som blømer lenge og legg seg som eit teppe. Så kjem juleroser og krokus og så går det i eitt med bløming. Den eine går over i den andre og eg har blomar heile året, seier Ida Flesland og riv opp eit par ugrasstrå som har slått seg ned i eitt av dei mange frodige beda i hagen.

Den hageglade dama har likar svært godt å stella i hagen og er ute nesten kvar einaste dag for å syta for at blomar, buskar og trer får best mogeleg vekstvilkår. I den drygt eitt mål store hagen bugnar det i dei velstelte beda enten kalenderen viser vinter eller vår, og når sommaren står for døra eksploderer det i fargar og dufter over heile hagen og gjev hageeigaren ekstra løn for strevet i form av eit blomsterhav dei fleste hageeigarar berre kan drøyma om.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS