Olav Klausen, administrerande direktør ved Haugesund sjukehus.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Olav Klausen, administrerande direktør ved Haugesund sjukehus.

Helse Fonna ber om hjelp

Er du tidlegare sjukepleiar eller studerer du sjukepleie? I Helse Fonna kan du få meiningsfylt arbeid og bidra til god pleie og behandling i ei vanskeleg tid.

Publisert Sist oppdatert

Dette er bodskapen i ei pressemelding frå Helse Fonna. Høgt sjukefråvær og svært mange pasientar gjer at sjukehusa i det regionale helseføretaket har utfordringar med å fylla opp vaktlistene. Helse Fonna har vore i gul beredskap sidan 10. november, og det meste av planlagt behandling er nå utsett, for at ein skal vera i stand til å klara å gi hjelp til dei pasientane som treng det mest.

— Me veit at det er mange dyktige sjukepleiarar som er pensjonistar og som har mykje å gi. Eg håpar nokon av dei ønskjer å bidra med sin kompetanse og erfaring på sjukehusa no, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

Regjeringa forlenga nyleg unnataket for avkortingsreglane for pensjonert helsepersonell til 1. juli 2022. Det betyr at pensjonistar kan koma tilbake til lønna arbeid i helsetenesta utan at pensjonen blir avkorta.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS