Illustrasjonsfoto
Brannberedskap
Haugesund har overtatt drifta av brannvesenet i Sveio
Frå årsskiftet har Haugesund brannvesen overtatt leiinga og den administrative drifta av brannvesenet i Sveio. For folk flest vil endringa ha lite å seia, opplyser konstituert brannsjef Krister Hoel.
(VESTAVIND): – I naudsituasjoner er det framleis nummeret 110 som gjeld. Ved søknader, feiing og andre førespurnader er det derimot Haugesund brannvesen folk i Sveio skal kontakta, ikkje Haugaland brann og redning, seier Hoel vidare.
– Den næraste rykker ut
Når det gjeld utrykningar vil det ikkje bli noko endring.