Johanne Rafdal Lauritsen likar å bruke hurtigbåt når ho skal reise mellom heimstaden Etne og studiestaden Bergen. ARKIVFOTO: PRIVAT
Johanne Rafdal Lauritsen likar å bruke hurtigbåt når ho skal reise mellom heimstaden Etne og studiestaden Bergen.
Johanne Rafdal Lauritsen reiser heim kvar tredje helg for å jobbe på Fugl Fønix. FOTO: PRIVAT
Johanne Rafdal Lauritsen reiser heim kvar tredje helg for å jobbe på Fugl Fønix.
John Erling Nordbø håpar at han får behalde høve til å reise med snøggbåt frå Ølen til Bergen. FOTO: PRIVAT
John Erling Nordbø håpar at han får behalde høve til å reise med snøggbåt frå Ølen til Bergen.

Hardt råka av prishopp på båten

Publisert Sist oppdatert

— Eg skjønner ikkje heilt kvifor det er på studentgruppa ein vil kutte, seier Johanne Rafdal Lauritsen, som studerer jus på femte året ved Universitetet i Bergen.

16. oktober la fylkesdirektør Rune Haugsdal i Vestland fram sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for perioden 2025–2028. Han uttalar til fylket si nettside at utgiftene deira til kollektivdrift har auka med ein halv milliard kroner dei siste åra, samtidig som statlege tilskot for å handtere kostnadene har auka langt mindre. Som følgje av det føreslår han ei rekkje tiltak som mellom anna inneber prisauke og bortfall av rabattar, studentrabatt på enkeltbillettar.

I ein e-post avklarar direktør Anne Iren Fagerbakke for mobilitet og kollektivtransport i fylket at dersom fylkestinget bestemmer seg for at studentrabatten på enkeltbillett skal falle vekk, vil det gjelde både buss, båt og bane på enkeltreiser, inkludert tur-retur. Om ein kjøper i Skyss-appen, kostar det i dag 1.000,50 kroner for ein tur-retur vaksenbillett mellom Bergen og Skånevik/Ølen, og 600 kroner for ein studentbillett. For å berre reisa ein veg kostar vaksenbillettar 667 kroner og studentbillettar 400 kroner.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS