Har oppgradert skjult badeperle
Ein utbetra kai, større sitjeplass og ei trapp ned frå toalett og grillhytte gjer at badeplassen på Vonheim i Sandeid har blitt betydeleg betre denne sesongen.
— Me var her før også, men det er mange år sidan. Dei siste åra har det ikkje vore så fint å bade her. No har dei reinska opp i stranda, og både brygga og tilkomsten er betre. Det har blitt ein kjempefin badeplass, seier Sonja Selvaag.
Når Grannar streifar innom badeplassen på Vonheim, ligg temperaturen ein stad midt mellom 20 og 30 grader. På himmelen er det lettskya med rause glimt av sol.
— Oi, eit sjøtre! Seier Teodor Selvaag (6) år.