Christina Bu og Norsk elbilforening er godt nøgde med at målet om 9000 hurtigladarar er nådd.
Foto: Jamieson Pothecary/ Norsk elbilforeining
Har nådd målet om 9000 hurtigladarar
Styresmaktene meinte det var behov for 9000 hurtigladarar for elbil i 2025. No er målet nådd.
– Vi ligg føre skjemaet, seier ein fornøgd generalsekretær i Norsk elbilforening, Christina Bu, i ei pressemelding.
Då regjeringa la fram Noregs ladestrategi for 2025, vart det rekna med at vi ville trenge 9000 hurtigladarar. No er milepælen nådd med 9019 hurtigladarar i Noreg. Det viser databasen NOBIL som Elbilforeininga administrerer på oppdrag frå Enova.
– Vi er veldig glade for at lademarknaden responderer så godt på det stadig aukande talet på elbilar på vegane, seier Christina Bu.